Норвежская певица Сиссел исполняет «Весну» Эдварда Грига Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjå for Våren at røma; Heggen med Tre som der Blomar var på eg atter såg bløma. Enno ein Gong fekk eg Isen at sjå frå Landet at fljota, Snjoen at bråna, og Fossen i Å at fyssa og brjota. Graset det grøne eg enno ein Gong fekk skoda med blomar, enno eg høyrde at Vårfuglen song mot Sol og mot Sumar. Eingong eg sjølv i den vårlege Eim, som mettar mit Auga, eingong eg der vil meg finna ein Heim og symjande lauga. Alt det som Våren imøte meg bar, og Blomen eg plukkad’, Federnes Ånder eg trudde det var, som dansad’ og sukkad’. Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar i Våren ei Gåta; derfor det Ljod i den Fløyta eg skar, meg tyktest at gråta.
Hide player controls
Hide resume playing